onsdag 14. september 2011

SINGER

Sjå kva eg har snubla over;o)

Laurdag var eg heldig, eg såg denne og fekk vite at den var levert inn og skulle kastast! Eg var om meg og den var mi.

I går var eg innom å henta den. Då var det visst mange som hadde spurt om å få den og gjerne betale for den.... Eg fekk den, så slapp den å bli kasta og var ute av vegen i ein elles trang butikk;o)  Eit kupp, for begge!




Den verkar ikkje og eg hadde nok ikkje brukt den sjølv om den hadde verka.... Eg er nok bortskjemt med den maskina eg har.....;o)

Men den har ein fin farge,  er no kome i hus og pyntar opp hos oss. Eg blir glad og smiler kvar gang eg passerer den.

 Litt stoff under trykkfoten som står i stil.... eller ikkje... og vips så kan eg bruke stoffa mine til litt meir enn berre å sy av dei..... Endå meir glede!

Gjer dagen din god!

1 kommentar:

Tidsfordriv sa...

Der hadde du flaks, Solveig!