Feriestrikket mitt har vore ferdig ei stund. Eg har funne meg vel til rette i det og....;o)
Denne gangen vart det ei halvlang jakke. Eg har vald å ikkje sette knappar i den då eg skjeldan knepper jakkene mine, men om det skulle vere behov kan eg feste den saman med ei nål i halskanten.
Den gode raudfargen passar meg godt og i dag fann eg ut at regnbogeskjalet mitt kan vere prikken over i'en;o)
Eg har lånt saumbysta til eldstegullet og på det var det blått tyllskjørt for anledninga, det kjem eg nok ikkje til å bruke attåt......;o)
Mønsteret er frå Rasmilla og har eit fint rille- og holmønster. Dette var endå eit godt mønster får henne. Eg valde å lage jakka lenger enn oppgitt, då eg likar best lange jakker.
Jakka er strikka i Muskat frå Garnstudio så den kan brukast enno ei stund før eg må finne fram ulljakkene....;o) Vel, når eg tenkjer meg om blir den nok brukt året rundt.
Gjer dagen din god!
4 kommentarer:
Nydelig jakke, med en flott farge. Kan tenke meg den blir mye brukt :)
Klem
Fint mønster på jakka:)
Nydelig jakke med flott mønster. Godt med deilige jakker no når vi må rekne med at den store sommervarmen ikkje når oss lenger. Gode haustdagar er det no lov å håpe på :)
Klem:)
Kjempe flott jakke og sjal . Du strikka forter for hånd enn eg gjere på maskin:)
Legg inn en kommentar