tirsdag 13. september 2011

Strikkefint

Feriestrikket mitt har vore ferdig ei stund. Eg har funne meg vel til rette i det og....;o)

Denne gangen vart det ei halvlang jakke. Eg har vald å ikkje sette knappar i den då eg skjeldan knepper jakkene mine, men om det skulle vere behov kan eg feste den saman med ei nål i halskanten.

Den gode raudfargen passar meg godt og i dag fann eg ut at regnbogeskjalet mitt kan vere prikken over i'en;o)

Eg har lånt saumbysta til eldstegullet og på det var det blått tyllskjørt for anledninga, det kjem eg nok ikkje til å bruke attåt......;o)




Mønsteret er frå Rasmilla og har eit fint rille- og holmønster. Dette var endå eit godt mønster får henne. Eg valde å lage jakka lenger enn oppgitt, då eg likar best lange jakker.
 
Jakka er strikka i Muskat frå Garnstudio så den kan brukast enno ei stund før eg må finne fram ulljakkene....;o) Vel, når eg tenkjer meg om blir den nok brukt året rundt.



Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Kerstin sa...

Nydelig jakke, med en flott farge. Kan tenke meg den blir mye brukt :)
Klem

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fint mønster på jakka:)

KariL sa...

Nydelig jakke med flott mønster. Godt med deilige jakker no når vi må rekne med at den store sommervarmen ikkje når oss lenger. Gode haustdagar er det no lov å håpe på :)

Klem:)

Lilla dør sa...

Kjempe flott jakke og sjal . Du strikka forter for hånd enn eg gjere på maskin:)