tirsdag 6. september 2011

str XXXXXL

Den første veska er ferdig.


Dette er dongeriprosjektet eg har sydd på sist veke. Det er ei veske i stort format, str 90 cm x 75 cm. Men det var ei kjekk utfordring å få.

No er eg i gang med veske nr 2 den er berre 65 cm x 80 cm......




Dongeri og voksduk gjev ei praktisk og stødig veske som skal frakte tavler til og frå. Eg har quilta ganske tett det, det gjer og veska stødigare.

Eg måtte berre pynte litt...;o) Det gjer det kjekkare å sy og kanskje får det fram smilet når ein skal bruke veska....;o) 

Her vart det blomar både framme og bak. Som eg har skrive før, raudt er veldig fint til blå dongeri.....;o)


I går måtte eg leike meg litt.

Barbro har vist korleis ho lagar dei flotte fuglane ho pyntar med. Eg har lenge tenkt at eg ville prøve og her er min versjon. Fin pynt til veske nr 2, tenkte eg;o)

Den skal eg sy på i dag.....


Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

Kerstin sa...

Alltid like inspirerende å lese bloggen din. Masse vakre ting du skaper :)
Ha en fin dag!
Klem

KariL sa...

Kjempestilig veske. Det gjer seg med sprek pynt:)

Ynskjer deg ein fin dag og lukke til med nr. 2!

Klem :)

Mona sa...

Flotte vesker. Fint med rødt på dongristoffer. Ha en super uke.