onsdag 26. oktober 2011
mmmmmm.......
....... Etter 450 saumar, og eit ukjent antal press med strykejernet og kutt med kniven kan eg no leike meg......
...ja då, eg har ein kontorstol med knall blått trekk på syrommet..... Den er verkeleg knall blå.....
30 stoffbitar har blitt kutta i småbitar og flytta på, bytt plass og sydd saman. Det har vore ei fantastisk helg;o)
Helle C. E. Løvenskiold er ein svært god kurshaldar. Som sagt humor, kunnskap, glede og haugar med inspirasjon, gjer det kjekt å gå på kurs med ho.
Når vi då er ein gjeng flotte damer som vil gå på kurs med ho, blir det berre ei strålande helg!!
Her er ei "juletrelenkje" klar til å bli kutta frå kvarandre. Det å seriesy er topp!!!
Helle byr på kunnskap om kurstema, men og kunnskap og inspirasjon om saum, lappeteknikk, quilting og eigentleg alt vi kunne finne på å spørje om.....;o)
Dette er ein versjon eg kan legge lappane i, men eg skal nok leike meg litt til før eg syr dei saman. Det er nok mange måtar eg kan legge dei...
Flyttar eg på ei rad, blir det slik...... Ser du kva eg har gjort??;o)
Eg er svært nøgd med stoffa mine. Fargane raud, turkis og creme synes eg er vakre saman. Det har bitt nokre slike kombinasjonar i det siste. Og det blir sikkert fleire....
No skal eg ut å nyte sola! og så gjere det dagen byr på.....
Gjer dagen din god!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Kjekt med kurs. Dette ble kjempefint.
Astrid
Så flott det vart!!!!! Kjempe flotte farger . Du er goè. Eg ser det no at dette teppe er likt det svart og røde teppe eg holder på med. Snart klar for å sy det saman.
Så flott det blir. Nydelige farger. Lykke til med resten!
Klem:)
Herlighet for et putlearbeid, du må ha litt av en tålmodighet. Blir nok et nydelig resultat, spennende å se hva du tryller frem til slutt.
Ønsker deg en herlig helg, klem.
Legg inn en kommentar