lørdag 15. oktober 2011

Gåve, til meg sjølv

For ei stund sidan forelska eg meg heilt i nokre hjerter og posar som Sonja med bloggen Det blå huset lagar.

Eg valde nokre fargar og stoff som eg kunne tenke meg, og vips så kom dette i posten.

Heldige meg fekk denne tilsendt på bursdagen min, det var tilfeldig....

Ein flott pakke!

Inni var desse tinga:



Nydelege hjerter som Sonja kreerer i flotte retrostoff med ein fin heklekant rundt.....

Dei prydar no kjøkkenet mitt og eg gleder meg over dei kvar gang eg ser på dei.





...... og ein super, og for meg,  nostalgisk pose.

Den er allereie i bruk til eit av mine mange prosjekt. Den og lokkar fram smilet;o)

Sjølv om dei minste jentene og synes den er fin er det mamma som brukar posen, enno......;o)

Heldige er eg som kan finne slike skattar!



Gjer dagen din god!



2 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kjekt at du er fornøgd:)
God helg!

Randi sa...

Hei! Moro å handle litt til seg sjøl iblant også!! Det fortjener vi :) Vi har også kjøpt en smurfepose av Sonja. Ha en fin kveld! KLEM.