fredag 21. oktober 2011

Kreativt påfyll

Etter 11/2 døgn i loddrett stilling med tepper og dyner, lite handerbeid og mykje søvn og slumring er eg no på føtene att;o)

Feber, snott, hoste og ikkje minst ein intens hovudværk har slått meg heilt ut.

Takk for gode helsingar, det gjer godt når ein er pjusk!



I dag har eg pusla litt med saum og fått ferdig denne duken.

Den er no på plass i loftsova vår saman med putene frå sist innlegg.

Den er ein fageklatt idet lyse rommet.



Eg har nok ein gang leika meg med rettsaum og quilting.

Eg likar denne måten å quilte på når bitane er store.

Quiltinga har blitt til etter innfallsmetoden....


Eg har laga nokre blomar både applikerte og frihandsquilta for å bryte alle dei rette saumane.

Stoffa er så vakre at eg ville bruke mest nogeleg av dei ikkje kutte dei i for små bitar.

I helga skal eg nok ein gang kose meg med hærlege damer, stoff og during av mange symaksiner.


Eg er så heldig å få gå på kurs med Helle C.E. Løvensiold. Vi skal lære teknikken Buggy Barn, og vi skal sy hjerter. Eg vil sy eit teppe i desse stoffa og fargane.


Eg sende materialista til Wenche hos Northern Quilts som tok ut stoffa for meg. Eg er svært nøgd med valet hennar og gledar meg til å sy i helga.


Ho tek gjerne utfordringa med å ta ut stoff til små og store prosjekt om du vil ha hjelp til det. Det var eit godt val for meg, og medan eg vaska og strauk stoffa gleda eg meg over vakre fargar og nydelege mønster.

Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

Lilla dør sa...

God bedring!!!!! Lykke til på kurset. Kos dokke, gler meg til å sjå kva dokke syr. Klem kari

LeKaQuilt sa...

Kjempe fin brikke! Kurs med Helle er alltid morsomt - og Buggy Barn er morsom teknikk !