tirsdag 18. oktober 2011

Lapp på lapp

Sjeive Sting var samla ei helg for å sy gevinstar til Husflidamessa som går av stabelen 12-13 november.

Messa er ein årleg tradisjon i Florø og samlar mange dyktige handtverkarar. Det er ei lett blanding av alle slags handarbeidsteknikkar, trearbeid, keramikk, glaskunst samt tradisjonsmat for sal.

Loddsal og åresal er og ein del av messa. Eg nyt desse to dagane og får mykje inspirasjon. Det er ein fin plass for julehandel....

Damene i Sjeive Sting starta laurdagen med bunkar av stoff og i løpet av helga og veka etter vart dette teppet til.

Quilting og lukkekant vart til i racerfart i veka som var. Sist søndag var det ferdig.

Her er detalj frå baksida av teppet....;o)





Av restane frå teppet vart det laga ein løpar......






.....Rutenett og striper i kvar ende....





ein englequilt......


Med gode ord .....

....og ei pute er undervegs.

Litt for ein kvar smak skulle eg tru. Fleire gevinstar er laga eller er undervegs i quiltegruppa. Mange flotte gevinstar gjer det kjekkare å kjøpe lodd/årer......

Ta gjerne turen til Florø og Florø Samfunnshus denne helga og la deg inspirere og kanskje har du vinnarlukke?....;o)

Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Såååå lekkert teppe, og løper! Er så fint med rødt og lyseblått sammen :o)
Lykke til med helgen!

Ann Tove sa...

Kjempefine gevinstar. Hadde vore moro å vore nord til dåke å sett den helga, har visst frihelg òg :)
Har høyrt det det er mykje fint når de har julemesse.Ha ein vindfull og fin dag.

Lilla dør sa...

Dokke er knall goé ! Skulle gjerne ha vert der den helg. Eg likt veldig godt dokke også hadde sy/quilta inn engel og god ord på veien:) . Ekstra spennande blir teppa med litt detalja på bakstykke og.

Sonja frå Sunnfjord sa...

Det var flotte gevinstar, ja!