lørdag 5. november 2011

Du er ein engel!



Dette utrykket brukar eg ofte!

Det er mitt utrykk for glede og tekknemlegheit;o)

...og jammen er det mange englar rundt om kring, både med og utan vengjer!



Det, ugler og hjerter er eg veldig glad i.

Eg kjem alltid tilbake til desse figurane og lagar dei no og då.

Denne engelen er strikka, tova og pynta og er på veg til ei som skal feire bursdag. Ho er og ein engel!



Helga er utan store planar, men eg skal nok fylle den med glade syslar.

Tur, saum eller anna handarbeid. Meir skal det ikkje til for å gjere helga mi god!

Slike helgar trengs av og til for å "ta seg inn att" til travle kvardagar og kjekke, travle helgar...;o)
Av og til trengs det berre å vere - stille, roleg og kjenne etter at alt er slik det skal vere.....


Gjer dagen din god!