onsdag 30. november 2011

Eg likar mysterie!

Eg likar godt krim, mysterie og spenning både i bokform/lydbok og som film/seriar.

Frå eg var lita var høyrespel på radioen kvar laurdag noko eg måtte høyre. Både den for dei vaksne midt på dagen og i barnetimen.

Enno er det kjekt å høyre desse, men eg sit ikkje klistra til radioen lenger.....

Men eg er grådig god til å høyre på lydbøker.....;o) Det gjer eg ofte når eg puslar med husarbeid, handarbeid og slikt.

Når eg og kan kombinere lydbokmysterie med Merete sitt mysterie/julegåte, kan det vel ikkje bli betre....

Eg er veldig glad for at ho også i år kjem med leik og moro med stoff og symaskin.

Har du ikkje prøvd desse anbefalar eg deg å vere med. Det er veldig kjekt og kan vere vanedannande.....;o)

Bildene viser mitt stoffval i år. Her har eg kutta bitane og er klar til neste steg som kjem på torsdag. Heng deg på og ver med på leiken, du og!

Gjer dagen din god!!

4 kommentarer:

merete sa...

Artig at du er med, - flotte stoffer du har valgt!

Ann Tove sa...

Hadde vore artig å vore med, men følger med på ditt arbeid i staden for. Torer ikkje begynne på noko meir no. Kanskje ein anna gong. Spennande.

Unknown sa...

Fine stoff du har funnet frem, blir spennende å følge med på den videre sømmen din. Snakket med opphavs kvinnen i går, hun ville ikke røpe noe om slutt resultatet..... Jeg blir borte både fredag og lørdag, så jeg får ikke sydd...........

Sølvis blog sa...

Du kan jo henge med seinere da Hilde, trenger jo ikke åpne lukene før du har sydd forrige trinn.