torsdag 1. desember 2011

Nisse no??

På kurset i helga fekk vi og inspirasjon til julesokkar. Eg fall for denne... 

Den var kjekk å laga og nye tekknikkar ( i vert fall for meg..) vart prøvd ut. Då er det treet til nissen eg tenkjer på.

Det er alltid kjekt å lære nytt og  som sagt før, inspirasjon manglar det ikkje på...

Om du vil la deg inspirere er det berre å ta turen innom Kari/Lilla dør, der finn du mykje flott!



Denne sokken var eg ferdig med, ein til er klipt ut og ligg klar til å bli sydd saman og pynta.Pynten er og gjort klar.

På denne sokker var eg heldig då kanten på sokken var ferdig rakna.... Eg synes den gjorde seg. Det er kjekt å kunne utnytte slike mogelegheiter som berre er der, heilt av seg sjølv.....;o )


Endå ein sokk er i ferd med å ta form, den er på tanke/teikne-stadiet..... og trengjer seg på.....

Gjer dagen din god!

1 kommentar:

Kerstin sa...

Samme til deg :) For en fantastisk fin julesokk.
Klem