torsdag 10. november 2011

Frøken Snupp



Her kjem eine søstera til Tussa. Frøken Snupp heiter ho. Ein yndig liten engel....;o ) ca 40 cm lang.

Også denne englekroppen er laga i lin. Den har og armar og bein i lin.

Litt endringar har eg gjort, og eg kjem nok til å veksle mellom lin og hamp til armar og bein.




Overdelen på kjolen er hekla i lintråd.

Skjørtet er i kvit bomull med litt pynt nedst.

Kjolane til begge desse to englane har empirefasong, og rynka skjørt.

Det er kjekt å putle med desse små kjolane. Medan eg held på med ein, kjem idear til nye.....




Vengjene til denne er ei rund hekla brikke. Den har eg forma etter beste evne slik at den passar;o) 

Det kjem eg nok til å gjere fleire gangar, men då truleg i andre fasongar - også her har eg nokre idear.....

Eg synes den vart søt og passsar til den lyse, lette kjolen.

Legg du merkje til at det er solys! på biletet? Vi har vore heldig å få nyte det dei siste dagane;o)


Eg likar den rufsete, krølltopp-stilen som gryteskrubben gjev:o)

Den lyse kjolen er nokså ulikt meg og det at eg har laga to stykker på rappen er endå meir ulikt......

 ....men to småsøstre er på veg og dei er nok meir fargerike.....

Eg har nok fått litt dilla på desse figurane og trur nok at nokre av desse søstrene kjem til å komme på julebutikken til Kreativiteten.

Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

flisa sa...

Så nydelige engler! Og hver har sin personlighet, som alle oss andre...Ønsker deg ei flott, kreativ helg :-))

Lilla dør sa...

Så bra! Er det ikkje kjekt å sy engler og kan pynte dei med personlighet? Du er kjempe go'e ! Klem lilladør

ahli sa...

Så fin hun er. Spent på småsøstrene. Har de ingen bror?

Astrid