fredag 11. november 2011

Mamma, eg og vil ha......

Etter at mellomstegullet fekk dette, kom det raskt bestilling på endå eit frå veslegullet. 

Sjølvsagt ville ho og ha ugler på sitt pennal, vi er nok glad i ugler alle tre....

Eg laga det noko mindre og med litt andre stoff i tillegg til uglestoffet.

 Ho har sjølv plukka ut stoffa og bestemt kvar dei skal vere. Til og med fargen på glidelåsen er det ho som har bestemt......

.....Ei bestemt lita frøken er ho, det er både godt og gale....

Godt fordi ho veit kva ho vil, men ikkje så godt når vi er like sta begge to, og tida er knapp.....;o )

Men det er bagatellar som vi kan smile av i ettertid, heldigvis!;o)

I morgon er det duka for Florø Husflidslag si årlege julemesse. Eg gledar meg til å kikke, la meg inspirere og småprate....

Eldstegullet er heldig og skal få selje sine varer også i år. Ho har heimelaga drops, kort, ringar,  smykker og maskemarkørar m.m.
Her er ho i full gang å pakke og ordne litt av det ho skal ha med....

Det er over 40 utstillarar i tillegg til at laget har eit bord med medlemmane sine produkt for sal. Er du på utkikk etter unike julegåver er Florø Samfunnshus vel verdt eit besøk!

Velkommen!


Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Lilla dør sa...

Lykke til i morgon! Eg skulle ha vert der :) ! Klem

Barbros lille atelier sa...

Kjempeskjønt pennal! Nydelig uglestoff!
Masse lykke til på julemessen!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Herlig pennal! Ser komplisert ut å lage.
Lykke til på messa!

KariL sa...

Frøken Snupp var helskjønn og penalhuset kjempetøft. Veldig bra at jenta di veit kva ho vil. Det skal ho fortsette med sjølv om mor må bryne seg litt. Godt at eldstegullen kjem på messa. Du veit kva eg manglar: maskemakører. Dei er uunværlige og så lagar ho dei så fine.

Snakkast!

Klem:)