mandag 7. november 2011

Småsaum

Det er nok ei pause i teppeprosjektet mitt. Eg takkar for tips til vatt og eg kjem til å bruke bomullsvatt .

Det og bakstykke må eg handle inn før eg kan gjere det ferdig.

Eg tenkjer og at eg skal frihandsquilte eit mindre arbeid, slik at eg har det i fingrane att før eg senkar skuldrane og går i gang med teppet...;o )



Eg fekk sydd litt av kvart i går, det er nokre prosjekt som har surra rundt i hovudet ei stund og i går gjorde eg dei ferdige.


Litt ugler flaksa rundt og er no fanga til eit stoff.....;o)

Nok ein gang har eg boltra meg i gamle fine stoff og fargar.


Eg har og sydd nokre nålpute eller puter til pynt. To med hekla pynt på duse stoff.

Den mørke er i lin både stoffet og pynten.

Den lyse er i bomull og har hekla linpynt.

Eg tenkte dei skal komme i Julebutikken til Kreativiteten...

.....Og ei retro nålpute i gla'fargar!

Det er litt putl med dei små bitane, men resultatet blir bra med slike fine stoff!


Denne har eg tenkt å gje vekk;o)

Eg rakk og eit tur på Brandsøyåsen i går ettermiddag, var ute i seinaste laget......

Eg heldt på å mørkne ute, men det var trolsk stemning og etterkvart månelys..... Og eg kom meg vel heim att...;O)

No har eg eit nytt prosjekt på gang så eg har eigentleg ikkje tid til å sitte her.....;o)

Gjer dagen din god!


5 kommentarer:

gult hus i svingen sa...

Så fine puter i mange varianter:) Fint bilde fra turen din:)
Lykke til med det nye prosjektet:)
Fin uke til deg fra Trine:)

KariL sa...

Så masse herlig småsaum. Nydelige farger. Er no veldig glad du fant vegen heim atte. Det blir tidlig mørkt på kveldane no etter at vi flytta klokka.

Ynskjer deg ei riktig god veke!

Klem:)

Gudrun sa...

Underbara saker du sytt och virkat!
Kram Gudrun

radio controlled tank sa...

They are very pretty, The pattern and the scallop around the edge is gorgeous, really impressed to watch how you brought it all together with the other patterns on your table.

Stina Blomgren sa...

Älskar dessa virkade små kuddar.. :o)
Har du tips på mönster???