lørdag 3. desember 2011

Formgjeving

Sist veke var mannem min og eg på eit informasjonsmøte på ein vidaregåande skule. Eldstegullet skal velgje vegen vidare og lurer på om design og handverk eller formgjevingsfag kan vere eit alternativ for ho.

Vi foreldre fekk difor info om kva denne skulen kan tilby. Dei har tre forskjellige linjer å velgje i.

Eg kunne gjerne tenkt meg å gått på to av dei.


Det var ei  heilt anna retning enn den eg valde når eg var 16 år. Men bedriftsøkonomi er vel ikkje det verste å kunne....;o)


Til vi skulle komme hadde elevane og lærarane pynta og laga desse flotte figurane som vi kunne smake på. Er det ikkje tøft? Skal det vere eit alternativt juletre i år?


Eller kvar med denne søte karen? Freistar den?

Den er i grunnen for fin til å ete.

Men du så kreativt!


Og sjå på desse bedårande sauene!



Blomkål, kiwi, druer og stangselleri brukt på ein alternativ/kreativ måte.

Mat/figurar var laga/dyrka på skulen, på avdelinga for Naturbruk.

Vel, no er det fritt fram for litt kreativ julepynt.....;o)

Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Lilla dør sa...

Så flott .....kreativt! Såg spennande ut . Takk for mange og gode tilbakemeldinger. Ha ei fin helg ! klem

Unknown sa...

Flotte dyr laget av grønne saker. Jule gåten din har fine farver.

tubakk sa...

Noke så morosamt! Mange gode idéar å hente her, ja. God helg til deg!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Hehe, artige dyr!
Det er vanskeleg å velge utdanningsveg. Junior endar nok opp i Dale, som er nærmast. Det er ikkje aktuelt for han å flytte heimanfrå. Men om det er noko ein verkeleg vil, så må ein berre ta det steget...
Ha ein fin kveld!