fredag 2. desember 2011

Julegåte del 2

Dagens gåtesaum er utført;o) Den gjekk som ein leik og snor seg vidare.....;o)

No er det raude og kvite bitar att som ikkje er blitt brukt. Skal det blir applikerte hjerter....  eller stjerner..... eller rundingar..... eller firkantar..... skal vi sy fleire striper?  kanskje ugler..... eller .....;o)

Vel, i morgon får vi vite det......

Til så lenge skal eg fylle dagen med saum, helgevask, kos med mine kjære og kanskje smake på julebaksten som kom i hus i natt.
Ein kjekk kveld saman med 6 andre damer. Prat, latterkuler, ost, kjeks, gløgg og raudvin i skinet av levande lys er ein fin måte å få dei 7- 8 sortane med julekaker i hus.

Dette er ein fast tradisjon og kan anbefalast på det varmaste;o)

Dette er mitt bidrag, ja, ja, no er det mørketid, det kan ein godt sjå på kvaliteten på biletet......;o)

Gjer dagen din god

3 kommentarer:

merete sa...

Jeg liker'n godt, den slangen som snor seg der... Julebakst på denne måten høres fint ut. Vi spiser lite julekaker (og har lite besøk), men vi lager marsipankonfekten sammen, og det er kos.

Gudveig HN sa...

Den ble fin - gleder meg til neste del! Kos' med julebakst :-)

Anonym sa...

Den blei jo flott!!
Eg har ikkje fått sydd min enda men det skal bli, ferdig skoren så da skal det gå fint .... spent på kva vi skal applikere på ja ...

Klem Laila