God stemning og glade, kjekke damer var samla rundt bordet. Latterkulene var som vanleg mange og praten gjekk om mange tema, slik det ofte er.
Dei to som hadde ansvaret for temaet denne kvelden fortener applaus!! Dei hadde gjort "det vesle ekstra" berre sjå her:
Denne kom på bordet og eg måtte jo sjølvsagt klemme og tippe på kva som var inni..... Den var mjuk, men og litt hard..... Spennande!
Inni kom dette fram. Stoffbitar til 4 sticheri i to forskjellige stoff.
Mønster til mange koslege stunder med nål og tråd.
Plukka frå nettet, julekort og til og med pakkepapir. Koselege julemotiv i mange variantar.
Til og med nål og tråd var med i pakken og jammen var det ikkje ein twist og!
Og denne koseleg helsinga.
Unni hadde laga flotte krusematter av desse små broderia, til inspirasjon og glede. Hugsa eg på å ta bilete, nei diverre....
Solfrid hadde brukt jordbæret på si krusmatte og hadde pakka og laga kosen, ei god arbeidsdeleing spør du meg;o)
Dei fekk meir enn godkjent og jobben også til neste år......;o)
Tusen takk Solfrid og Unni!!
Eg fekk ferdig Rudolf'en på møtet og måtte berre forlenge kosen litt til heime og dermed var også snømannen klar. Fin til koselege små julehelsingar.
Gjer dagen din god!
4 kommentarer:
så hyggelig du hadde det på møte i går. Skikkelig fin overraskelse dere fikk. Kos deg videre med den gode følelsen du fikk, hold på den leeeenge..
Enig med deg , det var ein kjekke kveld på alle måtar :)
Laila
Ja det var ein vedunderlig kveld ilag med kjekke quiltedamer. Ikkje farlig når ein har slike dyktige damer til å ta seg av arrangementet.
Klem:)
Så söta broderier och en härlig kväll ni fick tillsammans.
Legg inn en kommentar