tirsdag 13. desember 2011

Førjulskos

I går var det møte i quiltegruppa og vi hadde ein koseleg kveld. Det vart servert gløgg, julebakst og julemusikk.

God stemning og glade, kjekke damer var samla rundt bordet. Latterkulene var som vanleg mange og praten gjekk om mange tema, slik det ofte er.

Dei to som hadde ansvaret for temaet denne kvelden fortener applaus!! Dei hadde gjort "det vesle ekstra" berre sjå her:

Denne kom på bordet og eg måtte jo sjølvsagt klemme og tippe på kva som var inni..... Den var mjuk, men og litt hard..... Spennande!



Inni kom dette fram. Stoffbitar til 4 sticheri i to forskjellige stoff.

Mønster til mange koslege stunder med nål og tråd.
Plukka frå nettet, julekort og til og med pakkepapir. Koselege julemotiv i mange variantar.

Til og med nål og tråd var med i pakken og jammen var det ikkje ein twist og!


Og denne koseleg helsinga.

Unni hadde laga flotte krusematter av desse små broderia, til inspirasjon og glede. Hugsa eg på å ta bilete, nei diverre....

Solfrid hadde brukt jordbæret på si krusmatte og hadde pakka og laga kosen, ei god arbeidsdeleing spør du meg;o)

Dei fekk meir enn godkjent og jobben også til neste år......;o)

Dei er gode til å lage ei flott ramme om møtet. Vi kosa oss, senka skuldrane og hadde ein aldeles flott kveld!

Tusen takk Solfrid og Unni!!

Eg fekk ferdig Rudolf'en på møtet og måtte berre forlenge kosen litt til heime og dermed var også snømannen klar. Fin til koselege små julehelsingar.

Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Unknown sa...

så hyggelig du hadde det på møte i går. Skikkelig fin overraskelse dere fikk. Kos deg videre med den gode følelsen du fikk, hold på den leeeenge..

Anonym sa...

Enig med deg , det var ein kjekke kveld på alle måtar :)

Laila

KariL sa...

Ja det var ein vedunderlig kveld ilag med kjekke quiltedamer. Ikkje farlig når ein har slike dyktige damer til å ta seg av arrangementet.

Klem:)

Ulla sa...

Så söta broderier och en härlig kväll ni fick tillsammans.