mandag 12. desember 2011

Helgesyslar i desember



Helga starta med futt og fart. Julehandel kan ein bli matt av.....;o) Litt vart ordna, det meste har vi att;o)


Eldstegullet og min kjære starta helga med juleball og julemiddag. Koseleg samvær med venner og kollegaer. Det er viktig med slike soiale samkome.



Helga har og bydd på julebakst.

Dei to siste sortane er i boks, pepperkaker og kakemenn.

Pynt må vi ta ein anna dag....


Her er det kakemenn som blir forma og steikte.

Dei skal vere tjukke og gode, gjerne litt brune i kanten.


.....også der er vi nok litt annleis....

Mange meiner at kakemenn skal vere lyse og ikkje så alt for tjukke.

Kva meiner du?

Litt saum har det og vorte. Min versjon av Lilla dør sin ide ser slik ut.

Min er på tvers og med eit dryss hjerter;o). Ei lita brikke som no pynter opp i stova.

Pynten kjem, litt etter kvart her i huset... Eg får vel seie at forandring fryder!;o)


Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fin brikke du har sydd!
Kakemenn er faktisk den einaste sorten som vert laga her i år, og dei skal vere bra tjukke og til nøden litt brune i kanten:)

KariL sa...

Nydelig brikka di blei. Ho er så herlig ho som samlar hjerter.
Kakemenn likar eg litt tjukke og mjuke og bare litt brune i spissane.

Kjekt med sosiale lag før jul. Snakkast!

Klem:)

Anonym sa...

Den blei kjempefin den brikka :) Kakemennene må vere tjukke og lyse da er de best:)
Klem Laila