torsdag 29. desember 2011

Mappefint;o)


Eg er glad i slike mapper. Eg bruker dei til mykje.

Nokre til broderi eg arbeider med. Då har eg alt på ein plass, god plass til broderiet, tråden, syutstyr og mønster.

Nokre til syutstyr som pennar, blyant saks, ekstra nåler m.m. Hendig når ein skal på kurs og sykveldar.

Atter andre blir brukte til div. ledningar til elektronisk utstyr, eller pennal eller rett og slett til gåver.

Slik som denne som havna under eit juletre i år saman med denne vesle mappa. Den er og kjekk;o)


Eg laga meg ei slik i haust og sidan har den hatt fast plass i strikkeposen min. I den har eg  nåler og ei lita saks. Mønsteret finn du her;o)

Kjekt når monteringsarbeidet skal gjerast, og kjekt at ein kan sleppe å stikke seg på nålene og saksa når ein leitar etter neste trådnøste i posen.....;o)

Den er liten og "snedden" og kan brukast til mangt....




I veska til myntar eller leppestiften eller til andre småting som er kjekt å samle...;o)

Jau, er har ein lidenskap for slike små praktiske mapper og ser meg ofte bruk i dei.....

Det er slikt ein ikkje kan få for mykje av.....


Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Lilla dør sa...

Mappene var kjempe fine. Spesielt den lille likte eg godt. Eget mønster? eller kor finne eg det:)))). Du er kjempe goè. Ha ei fin romjulstid.

Margit sa...

Desse var flotte!!Nydelig broderi og så praktisk med ei slik lita til saks og småting. Er enig med deg i at slike får en ikkje nok av ;O)

Anonym sa...

Ja heldig var den som fekk denne flotte mappa og den lille til småting og sånt.....TUSEN TAKK :)
Ynskjer deg og dine eit godt nyttår !
Klem Laila

Lilla dør sa...

Ynskjer degvog dine eit godt nyttår! Og takk for stundene vi har hatt i lag i året som gjekk! Ha ein fin kveld .
Klem Kari