mandag 26. desember 2011

Romjul

Dagmar har og vore innom Florø. Hos oss har det gått bra, det rista litt i huset og straumen var vekke i ca 12 timar, så vi skal ikkje klage;o)

Romjulsturen heim til mine foreldre vart det diverre ikkje noko av. Der inne har det vore verre. Tre som er blese over ende eller knekte har sperra vegane, straum og tlf/mobildekning er vekk. Når dei får straum og telefon att er uvisst.

Takplater m.m. har blese av så det har ruska godt! Vi var på veg inn, men vart stoppa av søstera mi på veg heim att, dermed snudde vi og nasen heim og ventar på neste storm.....

Inne er det godt å vere, mange kveikte lys, lukta av svineribbe og utsikt til film, handarbeid og vin i glaset i kveld.

Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fine tulipanar!
Ja, vêret kan vi dessverre ikkje gjere så mykje med. Betre å halde seg heime (om ein kan) når det er så mykje ras rundt om kring.
Fortsatt God Jul til deg og dine!

Svalen sa...

Det var litt av et uvær! I ettermiddag fikk vi strømmen igjen etter nær 3 døgns fravær.
Fortsatt god jul:)