mandag 5. desember 2011

Tatt av vinden...

I dag er det luftig, her på kysten.

Eller med andre ord surt og kaldt;o) Etter å ha vore ute er det godt å komme inn at til fyr i ovnen og varm drikke i koppen.

Eg prøvde og å ta bilete ute i dagslys, difor overskrifta i dag...... Plutseleg var det eit vindkast.....



Eg har lage ein lettare romantsik julesokk.

Eit grovt, strie-liknande stoff med ei røff hekla brikke på. Brikka har eg hekla i melert ulltråd.

Det yndige biletet mjukar opp alt det grove. Ein hekla kant i lin øvst på sokken og litt ekstra pynt og minikuler gjer den yndig;o)



Jau då, eg har fått litt dilla på desse sokkane no, enno ein er under produksjon.

Men først er det trening, middagskos med mine kjære.

Deretter kan det jo hende at eg kan snike meg til ei lita stund med symaskina eller andre julegåveprosjekt på lista....;o)


Gjer dagen din god!


4 kommentarer:

Ann Tove sa...

Dette var julesokken sin det. Kjempefin. Heilt etter min smak.

Anonym sa...

Kjempefin !

Klem Laila

Lilla dør sa...

Så fine dei vart. Du er kjempe goè!

2ne sa...

Søt julestrømpe :-)