Men vi kosar oss inne, for i dag er eldstegullet 16 år! Eg har mimra litt det er vel slikt ein gjer når ungane har bursdag......;o)
Vel, vi har vore heldig med go'jenta vår. Ho er omtenksom, inkluderande, hjelpsom, pliktoppfyllande passar godt på oss i familien både på godt og vondt....;o ) og sist men ikkje minst likar ho og kreative syslar....;o)
Til hausten kjem ho nok til å bli hybelbuar, då ho skal starte på vidaregåande skule. Truleg blir det ein god dose kreative fag på timeplanen;o)
Eg syr nokre få sting kvar dag, slik at eg ikkje gløymer korleis eg skal gjere det.....;o)
Det har resultert i eit nytt skjørt, ....sydd over fleire dagar.... toppen har vore ferdig ei stund.
Eg skal berre sitte i ro lenge nok.... til å sy skjørtet og toppen saman..... Når det er gjort, blir den vist fram her......;o)
Men i kveld er det lasagne på menyen, til ære og glede for eldstegullet!!
Gjer dagen din god!
2 kommentarer:
Flott vær til å kose seg inne i dette :) Gratulerer med dagen Anna :):)
Klem Laila
Legg inn en kommentar