onsdag 25. januar 2012

Pausesaum.....


.... er fint;o) Det var kjekt å sy på eit mindre prosjekt.

Eg fekk vite kva fargar som skulle brukast og elles frie tøylar;o)

Mønsteret har eg sydd før, og det er eit kjekt og enkelt mønster.




På mønsteret skal det vere knappar på hjertene.

Eg laga ein liten vri, då eg ikkje er så glad i knappar på løparane.

Det kan verte skummelt om det skal vere lys, koppar og slikt på bordet, opp på løparen ......;o) 

Nokre korssting der i mot, er ikkje så mykje i vegen;o)


Eg fann og eit kjekt bakstykke-stoff. Det er ideelt til slikt bruk, og eg synes det pyntar litt og.

Ein kommentar eg fekk var denne: Den er jo like fin på baksida, jo! Den kan brukast på begge sider.....;o) Kjekt det, og det er valfritt;o)

Det er ein kjekk løpar. Og jammen sneik det seg inn eit hjerte eller to i dag og ....;o )

Eg har og kome vidare på teppet, og er no klar for handsaum! dvs. lukkekant i lange baner;o)

Det vil ta nokre kveldar, men eg er på god veg til å få teppet på veggen!
Å, eg gledar meg!!!! ;o) ;o) Jepp, det blir hansaum for alle penga i nokre kveldar no;o)


Og tusen takk for alle kjekke kommetarer! Det er koseleg med tilbakemeldingar;o)

Og velkommen til nye følgarar, det er kjekt at de ser innom meg;o)

Gjer dagen din god!




4 kommentarer:

Lilla dør sa...

Pausesaum? Er inponert igjen. Du er go'e . Flott løper ......gillt med mange løpere . Alt til sitt bruk. Lukke til med innspurten av teppe. Spennande

ahli sa...

Kjempefin løper. Må av og til gjøre noe annet.

Astrid

KariL sa...

Så artig. Sydde på rester av nettopp ein slip løper i går og det blei noko heilt anna. Berre vent skal du få sjå. Må berre ha litt daglys så eg kan ta bilder og legge ut.
Løperen din blei riktig flott og likt godt korssting istedenfor knappar.
Ha ein god dag!
Kariklem:)

Anonym sa...

Løperen blei nydelig den :)
Klem Laila