lørdag 21. januar 2012

Phhuuuuuh....


Det er tungt dette! Tungt for skuldrane, så det må mange små pauser til.....
Eg trur det får vere nok for i dag.

Eg har blitt inspriert av Laila, som ikkje har blogg..... enno;o) .... og som har fått sitt teppe ferdig.

Kankje får eg legge ut bilete av hennar teppe når eg har fått teke det i "augesyn", som det så fint heiter....

Eg har sett toppen då den var ferdig, og før det vart quilta. Men dei brukar å forandre seg mykje med quilting og lukkekant.



Her har eg teke golvet i bruk for å gjere teppet klart til quilting.

Bakstykket er festa til golvet med maskeringstape,  så er vatt lagt på og til slutt toppen.

Mange nåler er festa og for å vere heilt sikker vart quilten og tråkla litt.

Som du ser får den noko tøff behandling og blir snurra og vridd både hit og dit under quiltinga så difor tenkte eg at det var greitt med begge deler.


Det er eit stort teppe og eg gledar meg verkeleg til å få henge det opp på veggen, men det skal fleire sting til og enno nokre pausar før det er ferdig...

Veggen er klar og berre ventar på teppet.....;o) og no er det på veg.

Eg blir meir og meir glad i desse fargen og synes dei er flotte saman.



Eg tenkte eg skal kombinere litt og nytte ein del av pausene til å starte på eit nytt prosjekt, som er mykje mindre og lettare!

Det er kjekt å kunne sy noko for andre. Veldig kjekt at andre kan ha nytte og glede av min hobby;o) Det trur eg må bli dobbel glede;o)

Eg trur dette kan bli fint saman;o)


Gjer dagen din god!

13 kommentarer:

Liven sa...

Så flink du e som quilte et så stort teppe sjøl - æ har hverken kunnskap, mot eller maskin til et så stort arbeid - MEN teppet bli kjempefint!!
Quilteklem:)

KariL sa...

Quilting av store teppe er litt av ei utfordring. Lykke til. Har fleire teppe under arbeid og om eg skal quilte dei sjølv, gjenstår å sjå.
Nydelige stoff du har plukka ut til neste prosjekt. Spennande :)

Ha ei riktig god helg!

Klem:)

Lilla dør sa...

Du er go'e som quilter teppe sjølv....blir kjempe fint. Eg har Igrunnen quiltq alle mine tepper sjølv, det går Igrunnen godt......ta tida til hjelp. Eg synest du må få lov til å legge ut teppe til Lail,a eg har lyst å se det:))). Ha fin helg videre.

Gudrun sa...

Ja, man får inte glömma att ta pauser--inte alltid så lätt när man kommit igång.Underbar kvilt är det och skall bli fint att se den klar.
Lycka till!

Kram Gudrun

Sonja frå Sunnfjord sa...

Ser litt knotete ut å quilte eit slikt stort teppe, men du er vel godt trent:) Eg trur eg held meg til litt mindre saker.

Anonym sa...

Lykke til videre , det blir flott når du er ferdig :) Eg er glad eg er ferdig :)
Klem Laila

ide-puffen sa...

Guri malla så flink du er. Jeg har ikke tålmod til så store pirke prosjekter. Mye annet nydelig du lager også. Følger deg videre med glede.
Ha en god søndag og hvil skuldrene.
Randi

Rita sa...

Mye er gjordt når du bare har fått kommet deg i gang. Blir kjekt å få se når du er ferdig :)

Anonym sa...

De er flinke , manglar framleis ytterkant på mitt teppe .
God helg.:)

Åshild

Ann Tove sa...

Oi, her er det mange timars arbeid. Forstår godt du treng pausar under quiltinga. Dette blir nydeleg.

Anne Lise sa...

Teppet ditt ser kjempefint ut. Men det ser ut som du har litt å holde på med, med quiltinga. Skjønner det er tungt for skuldre o.a.
Lykke til videre.

2ne sa...

Lykke til med quiltingen - et flott hjerteteppe. Et morsomt mønster og sy etter :-)

Bestemor Drillo sa...

Litt av et arbeid !
Skikkelig flott!
Klem!