søndag 29. januar 2012

Søndagsinspirasjon....

Eg har sydd på ein lukkekant nokre stunder, no og då, og ser snart i enden på prosjektet med  Buggy Barn hjertene.

Eg hadde vore ferdig med det no om eg berre hadde arbeidd med det, men slik er eg nok ikkje..... Det er ingen hemmelegheit.....

Tusenvis av idear dukkar opp og nokre av dei surrar rundt lenge nok til å bli noko av.

... og så må eg berre prøve, for å sjå om det blir slik eg har tenkt.... Nokre gangar kjem ideane pga. eit stoff, mønster eller fargar.

Andre gangar ser eg eit mønster og må berre.... , medan eg syr kjem andre idear. Så endrar eg litt, tilpassar litt, og får noko nytt inspirert av mønsteret eg starta med.

Er det andre som har det slik?? 

Eg har eit lappeprosjekt på gang. Her er ein liten sniktitt...... Det går visst i lyse fargar for tida, med nokre fargeklattar inn i mellom.

Det er kjekt å kunne ha litt stoff på lager når lysta til å sy melder seg.....
Desse stoffa er plukka frå det lageret;o)

Men no vil eg strikke litt, eg held visst på med nokre sokkar.... Eit mysterium seies det.....;o)

God søndag!


Gjer dagen din god! 

3 kommentarer:

Lilla dør sa...

Spennande med nye prosjekt!!! Eg kjenne meg igjen. Teppe ditt blir heilt fantstisk flott.
klem lilladør.

Margit sa...

Kjenner meg litt igjen...det er fort gjort å finne inspirasjon til noko enda meir spennande... også blir de WISP.. de blir ferdige ..tar berre litt lenger tid ;O)
Gler meg til å sjå korleis dine blir :O)

KariL sa...

Veldig lett å kjenne seg igjen her :) Driver med litt sjølvdisiplin for tida, men har ikkje lukkast endå. Så flott du har quilta og lukke til med resten av lukkekanten!

KariLklem:)