onsdag 4. januar 2012

Steikje fin gardin!

Sykroken er ryddig, så lenge det varer......;o)

Eg har funne fleire fine prosjekt som kan gjerast ferdig..... Det eg har mest lyst å få ferdig er ein kjole og eit teppe.

Eg er godt nøgd med "gardina" mi som er tre knaggrekker frå favoritt-snope-butikken..... skrudd fast i lista.



Her tenkjer eg å henge opp inspirasjon, pynt m.m. det blir nok varierande kva som heng der, og kor lenge det heng der....

No er det kvistar, konglar og ein "prøvelapp" av Anne Beier Finnestad si teikning med symaskin.

Det er kjekt å få inn meir lys til arbeidsplassen, det som ikkje var så kjekt er at vindauget med fordel kan vaskast.... Heldigvis regner og bles det, så eg kan med fordel vente med den vasken.....

Eg syr litt i staden!;o)

Dei flotte boksane mine pynter opp i glaskarmen.

Stoffa er kome i plastboksar, litt inspirasjon i form av nyinnkjøpt stoff ligg framme.

Det er litt vanskeleg å få gode bilete mot vindauget, men du får eit intrykk av korleis der er;o)


Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

AnneH sa...

Ja, det er nesten så jeg hører Hildegunn... ;)
Så koselig sykrok du har. Ser ut som om det er en flott utsikt også, som du kan beundre mens du tenker ut syprosjektene dine. Kjempelurt å bruke knaggrekke over vinduet!
Takk for titten.

Orlaug sa...

Jau, me får inntrykk av korleis du har det.....koseleg og inspirerande ser det ut til.
Lukke til med nye prosjekt i det nye året, du flittige dame!!!

Svalen sa...

Godt nytt år.

Endelig har jeg tid til å kommentere igjen: sykroken din ser så koselig ut:)
Festlig måte å pynte viduet på, kommer til å kopiere deg.