torsdag 2. februar 2012

Februar...

Lyset og sola har kome tilbake!

Vi har hatt begge deler i fleire dagar. Det å kunne følgje veslegullet til skulen om morgonen medan det lysnar og ein ser blå himmel med rosa skyer på, gjer utruleg godt!

I går tenkte eg at våren er på veg. Ikkje fordi det var vårlege temeraturar, men fordi sola var framme og det var bare flekkar i snøen.....

.....I dag er det vinter.... Snøen lavar ned, men det er heilt greitt berre sola kjem fram att;o) Våren kjem når den kjem, om litt.

Eg veit at det blir mange glade ungar når vi no endeleg får litt snø. Berre den blir liggande og sola kjem fram att..... Regn kan vi klare oss godt utan.

Eg er vel og våryr på grunn av det nye strikket mitt. Det minner meg om vår! Glade, sterke fargar!
Det er meg det.....;o)

Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

ahli sa...

Nydelige farger på garnet ditt. Her og snør det litt i dag, men det er bare noen fjon.

Lenkter etter våren og mye sol.

Astrid

lyrics to songs sa...

This all throe are so colorful and wonderful looking.We can make fabrics from it.

Ingeborg Lura sa...

Flotte fargar. Kva blir det mon tru? Lyser godt opp i februarissørpa på Jæren.
Ha ei fin veke.
Ingeborg