onsdag 22. februar 2012

Ferieprosjekt...

Vi har ferie, jentene og eg.  Heimeferie.

Det betyr seine morgonar med  ei god bok på senga, seine frukostar, lange dagar og få planar.

Vi tek dagane som dei kjem. Gode dagar;o)



Litt baking, litt saum, inn i mellom hus syslar som ein ikkje kjem utanom.....

Det er godt å ha ei slik veke når kvardagane vanlegvis er fylt opp av lekser, aktivitetar og skule.

Eg ser at jentene treng slike fridagar. I vert fall eldstegullet som har plenty lekser i både vekene og helgane.



Småprosjekt er kjekke slik som desse posane som dei to minste har fått til klinkekulene sine. Dei har sjølve teke ut stoffa. Plukka frå mamma sitt velfylte lager....;o)

Ugler og kattar, det er koselege dyr... Vi har ingen levande, men likevel finn vi dei rundt om kring i huset på forskjellig.....;o )

I dag håpar eg å sy nokre mapper som eldstegullet har bruk for.



Gjer dagen din god!

5 kommentarer:

STEINKJERRINGA sa...

Lurt med poser til saker og ting. Fine stoffer du har brukt.

ahli sa...

Smarte poser. Artige stoff du har brukt.

Astrid

Lilla dør sa...

Høyrdes og såg gildt ut med ferie prosjekt. Alltid gildt sy til ungane. Posane var kjempe koslege. klem

Kjersti sa...

Fine poser i fine stoffer :-)

Ann Tove sa...

Høyrdes ut som du har ei herleg og roleg veke. Godt å ta seg inn igjen av og til for både voksne og dei yngre. Her er det ferie for gutane som går på vidaregåande, mens datter vår som går på høgskule ikkje har fri. Ho har ikkje vore heime sidan nyttår, so vi gleder oss til neste helg då ho har planar om ein liten heimtur. Fine posar du har laga, slike er det allyid bruk for. Ha ei fortsatt fin veke.