torsdag 23. februar 2012

Fleire ferieprosjekt....

Heimeferien gjev rom for forskjellige syslar, og strikk er det alltid plass til.

Eg fann mønsteret til halsen her. Eg hadde nokre nøster med mjuk, lekker tråd liggande, og var utan eit eigna fjernsynstrikk.....

Lett å la seg freiste.....

Saman med tråden var og ein hekla blome. Den passa jo fint og det var fort gjort å lage to ekstra....

Ein kan velje, med eller utan pynt, alt etter kva veg ein snur halsen;o)

Eg skal nok finnne den rette eigaren til denne, då fargane ikkje er heilt mine....
Eg har og pusla med dette:

Ein skinnbit frå Panduro...

....ein vakker knapp som vart med heim frå turen til Bergen....

...nokre trykknappar.....

..... og ein bit hyssing.



Vips, og eg har eit nytt armband. Nett passeleg til meg og i mine fargar, så det slepp eg å finne eigar til!

Knappen er grønare enn den bilete viser, og ein favoritt.....,o)


Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Lilla dør sa...

Stilligt armebånd! Det likte eg...... kjempe godt. Klem ha ein fin vinterferie videre.

Ann Tove sa...

Halsen ser mjuk og god ut. Og eit flott armband du har laga. Kjekt med slike ting som ingen har maken til.

Fargevandring sa...

Takk for at du er med på blogglotteriet mitt! Så mange fine ting du lager...kreativt og inspirerende:-)

KariL sa...

Halsen ser riktig deilig ut. Godt å ha i disse vindfulle dager. Lekker pynt. Helig er den som får slik ei gåve.
Spennande armbånd :)

Ha ei riktig god helg!

KariLklem:)