lørdag 25. februar 2012

Orden i sakene....


Eldstegullet treng nokre mapper til ustyret ho brukar til kakepynting og dropslaging.

Det har til no lege i laust eller plastposar!..... i skåpet.

Både ho og eg meinte det kunne vere på sin plass å samle det i praktiske mapper.....



Eg hadde nokre motivstoff med kaker og ein kopp med sjokolade som var kjøpt inn til desse mappene.

I tillegg fann eg eit herleg stoff hos vår lokale stoffbutikk. Det er ein serie med friske damene i mange forskjellige motiv. Nesten alle har ein muffins med.....;o )



Dei passar ypparleg til eldstegullet som yndar å bake og smake på muffins....

Saman med motivstoffet, som ein får i rapportar, er det 3 andre stoff som passar til. Dei er kjekke til mapper, toalettvesker, pennal, bokomslag osv.....

I tillegg til muffins stoffet har eg funne fram kjøkkensettet mitt frå seint på åttitalet... pastellfarga striper passar godt til dette...;o)

Eg har berre brukt litt av den eine gardina, så eg har nok til fleire kreative, pastell krumspring;o)

Inne i mappene har eg brukt voksduk, praktisk til kjøkkenbruk.....;o )

Mappene er utan vatt, men med voksduk og eit noko kraftig stoff treng ein ikkje det.

Dette er pompadur til  "sprøyteposen", då den trengde litt meir plass enn i ei smal mappe....
Mappene måtte ikkje bli for søte, difor brukte eg glidelåsar og rammer i gode fargar som passar til.

No er det berre for gullet å sortere dei forskjellige tinga på plass;o)



Gjer dagen din god!

12 kommentarer:

STEINKJERRINGA sa...

Vi er nok begge i pose-til-saker-og-ting-modus om dagen. Kjempfine poser du har laget. Ha en fortsatt fin lørdag!

Lilla dør sa...

Smart og flott. Tenk å ha ordene i sakene sine med slike fine poser. Ha ei fin helg forsatt. klem

Ann Tove sa...

Her blir det orden i sakene. Mange fine poser. Ha ein fin kveld.

Anonym sa...

Superlekre poser dette :)

God helg videre !
Klem Laila

KariL sa...

Herlige poser til ting og tang. Smart med voksduk inni. Flotte motivstoff.

God helg!
KariLklem:)

gult hus i svingen sa...

FOR en super ide og de er da også så fine de oppbevaringsposene dine:)

Trine:)

Laila sa...

Skulle vere råd å få orden i sakene med så flotte posar :)

LeKaQuilt sa...

Nydelige poser. Og så kjekke til alt mulig. Ha en fin fin uke! Klem

Gudrun sa...

Härliga och fina påsar!!
Kram Gudrun

Edny sine puslerier sa...

Så fine og praktiske poser;) Så mye koseligere å finne frem enn en knørvet plastpose;)

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fin oppbevaring!

Ulla's Quilt World sa...

Your quilts/crafts are so fantastic! It's so nice to find other quilters all around the world!
www.quiltworld2.blogspot.com
Hugs, Ulla (from Finland)