mandag 27. februar 2012

Sukkertyfargar;o)


Det er vårleg for tida. Dagane blir lenger og det er nesten lyst når vi står opp.

Det er godt når vi går mot vår og sommar. Sola kikkar fram av og til så vi blir våryre og energien kjem tilbake.

I helga har vi verkeleg vore våryre på mange måtar. På turar ser vi snøklokkene kikka fram og vitnar om vår.



Inne har vi og leika oss med fargar.

Eg har funne fram nøsta eg snopa sist helg. Det resulterte i ein blome til å ha under kaffikanna.

Vårleg og frisk i fargane.



Eg har og pynta nok ein valnøttboks.

Striper i kjekke sukkertyfargar....

Til appelsinteen til eldstegullet. Eg har planar om nok ein slik boks til lakristeen hennar.



Ho har og leika seg med sukkertyfargar.

Ei venninne av ho var på gåvejakt. Dei to kom då på denne flotte gåveideen.

Dei handla ei flott glaskrukke, på sopebutikken.....;o ) og kom heim og bakte lekker marengs i flotte fargar til å ha i krukka.

Ei flott gåve både for auga og for ganen;o)


Eldstegullet var så nøgd med dette at ho i går tok med systrene sine og dei fekk velje fargar.

Glade, smilande ungar kosa seg på kjøkkenet og tryllar fram lekkre smakebitar.

No har vi eit norgesglas med gla’fargar på kjøkkenbenken. Det manglar berre det berre eit fint stofflokk så er det perfekt.

....Og det skulle vel ikkje vere det vanskelegaste å få til.....

Gjer dagen din god!


1 kommentar:

Ann Tove sa...

Her var det fine fargar. Nydelege fargar på trekket til boksen, god ide. Eg har eit lass boksar liggande på vent, har planar om å dekorere dei. Men kanskje det blir trekk på nokon av dei.. Lur og fin gaveide jentene har laga til. Såg veldig godt ut òg. Ha ei fin veke vidare.