søndag 12. februar 2012

Helg i makeleg tempo

Denne helga har eg vore i humør til småpusling.... Eg har vore litt snufsete og ute av lage, så det har vore greitt å kunne arbeide frå sofaen;o)

Eg har fått ferdig dei to pungane eg starta på tidleg i veka. Eg har testa ut litt forskjellige pyntestikningar, i tillegg til å bruke knapp og hempe i staden for trykknapp. Det fungerer fint ser det ut til.

Nokre plagg glir lett av hengeren, men med trekk på heng dei så fint så;o) At dei i tillegg er finare å sjå på, er ikkje noko minus. Det er og kjekkare å la ein kjole henge framme til pynt, på den pynta hengeren....;o)

No må eg på leit etter fleire hengarar, eg har fleire idear om mønster til trekka. Eg får vere på utkikk sjølv, og  nemnde det for mamma......;o) Ho er ein meister etter å finne fine saker og ting.

Ein morsdag er snart til ende. Min har vore fylt med dugnadsarbeid på søndagskafe til inntekt for FAU på skulen vår.

Det var kjekt, mange var med å drog lasset så det var koselege timar. Mange tok turen innom til kaffi og kake. 

Som vanleg, får eg vel seie, er det eldstegullet som har baka.


Ho skjemmer oss vekk med fantastiske muffins og ei kake, som eg ikkje hadde tenkt tanken på å gje meg i kast med!
Skal tru kva vi har gjort for å fortene ei slik god jente?!

Vi hadde ein muffins med oss heim.....;o)

No har eg hatt ei god stund med nasa i ei god bok, i staden for kleenex'en....., favorittenmaten til middag;o) Kan ein ha det betre? Det trur eg ikkje....;o)

Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

Lilla dør sa...

God ide med kleshengerene .....kjempe fine! Den kaka og muffinsane såg fantastisk gode ut! Kjekt når jentene likar å bake, då blir det ofte mykje godt i heimen :)))
Ha fin kveld videre.
Klem lilladør

ahli sa...

Søte punger du har sydd. Tenktej eg skulle sy noen slike for å seom jeg fant igjen sylysten. Maskinen står der, men kommer ikke igang. Finner på mye annet. Og nå har denne helgen gått også.
Kleshengerne dine var søte. Jeg har noen gamle som jeg har arvet, de er mye finere enn en naken henger.

Astrid

KariL sa...

Nydelige punger. Hugsar før i tida var det veldig populært å lage slik pynt til klhengarane.Kanskje det blir populært igjen. Dine vart i allefall fargerike og flotte og praktisk er det også med pynt.
Nydelig kaker eldstegullet har laga.
Løparen i forrige innlegg vart heilskjønn. Fargar og form som eg virkelig kan like.

Ha ei god veke!

KariLklem:)