tirsdag 7. februar 2012

Mjukt, fargerikt og godt!

I helga var vi på tur og dermed var det strikkepinnane som fekk lufte seg......


Eg fekk gjort ferdig dette sjalet. Det er heilt perfekt!! ....og eg har jo ikkje sjal frå før........;o)


Det er som overskrifta seier godt å legge om halsen.

Passe stort til å bruke som skjerf. Og passe stort til å varme om skuldrane når det er nødvendig.

Eg likar denne forma betre enn trekantsjala, av ein eller anna grunn;o)


Fargane er gode og lyser opp på ei svart vinterjakke....

... og passar godt til lua og vottane mine....


....eller som ein fargeklatt om halsen utan ytterjakke....;o )


Og for meg som etterkvart er avhengig av å ha noko lunt rundt halsen er det ei lukke å kunne bruke dette mjuke sjalet;o)

Eg har blanda Mirasol og Babysilk frå Du Store Alpakka.



Det har gått med eit nøste av den lilla og eit av det turkise og nesten 2 nøster raudt, eit til stripene og ca halvparten av det andre til kanten.

Mønsteret fann eg her og som vanleg har eg funne min eigen vri.... denne gangen har eg  gjort endringar på kanten.....

Gjer dagen din god!

5 kommentarer:

Barbros lille atelier sa...

For et lekkert sjal! Kjempefin fasong og nydelige farger!!

Lilla dør sa...

Kjempe flott sjal! Knall bra farger..... med tøffe fargekombinasjoner.

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kjempefint! Likte fargekombinasjonen:)

KariL sa...

Likte godt den runde forma på sjalet og fargane var herlige. Fekk også kjenne på det i kveld og det ver aldeles nydelig
Takk for hyggelig kveld og god veiledning.

KariLklem:)

GNIST sa...

Kjempestilig sjal i herlige farger. Et skikkelig farge-energi-boost!