lørdag 11. februar 2012

Picnik i februar....


Eg har lenge hatt lyst til å lage dette teppet. Eg synes det er flott!


Eg var ikkje  heilt klar for eit nytt stort teppeprosjekt.... endå, men ville gjerne prøve mønsteret laga eg ein løper i staden for.


Av ein eller anna grunn tenkjer eg etterjulsvinter om desse fargane.... kvifor kan eg ikkje svare på.... ;o)






Vi har eit breitt og langt kjøkkenbord. Med god plass til mange. Det er godt å ha når jentene tek med vennar heim til middag eller vi samlar familien.

Vanlege løparar kan eg nesten legge på tvers på enden.... No høyres det frykteleg stort ut.... Ja, ja... det passeleg til oss;o)

Eg ville" skreddersy" ein brei og lang løper til bordet og tenkte at dette mønsteret ville bli bra.



Med ein pakke ferdig kutta blokker i 5 x 5 inc, var eg  godt i gang før eg i hadde "starta" på prosjektet....

Det var mange nydelege mønster og fargar i denne pakken og det var kjekt å pusle dei saman.



Dei lyse blomane er flotte og gjev duken liv.

Det er ein av grunnane til at eg likar dette mønsteret og teppet så godt.

 
Firkantblokkene er frihandsquilta.
Dei små firkantane har fått kryss, så langt følgde eg mønsteret....


Der etter fekk rammene rette stikningar.
På mønsteret er rammene og frihandsquilta.




For å få variasjon quilta eg i "grøfta" rundt den smalaste ramma og sydde stikningar i den ytterste. 

Duken er komen på bordet og eg er nøgd med resultatet.

Teppet kjem eg og til å lage, om litt,  for det er eit kjekt og enkelt mønster å sy!



Gjer dagen din god!

6 kommentarer:

ahli sa...

Det ble en kjempeflott løper.

Nydelige farger

Astrid

Unknown sa...

FIn løper :o) ha en god dag!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Flott løpar! Mykje detaljarbeid på slike saker:)

Tone sa...

Løperen er kjempeflott! Det blir nok teppet også. Ha en fin søndag! :)

LeKaQuilt sa...

Wow - så fin den ble! Likte veldig godt fargene/stoffene du har brukt.
Ha fortsatt en fin søndag. Klem

ide-puffen sa...

Så flott da. Nydelige farger. Laila sitt var også fint. Morsomt med de hjertene.
MEN jeg må virkelig skryte av datteren altså. Litt av en designer. Elsker det skjørtet asså!
God morsdag vider.
Randi