onsdag 29. februar 2012

Prosjektoppgåve


Eldstegullet har fått ferdig prosjektoppgåva si i kunst og handverk. Det var forskjellige prosjekt å velje mellom.

Ho valde eit prosjekt med utgangspunkt i Egypt. Fargar og motiv er typisk frå Egypt.






Gjenbruk var og eit av kriteria.

Stoffa er gamle sengklede, gardiner ol. I staden for vatt har ho brukt to gamle ulltepper og bakstykket er av flanellaken.

Ho har overført bilete på stoff i nokre blokker. dei er spreidde ut over teppet.


På nokre blokker har ho overført typisk mønster frå Egypt og brodert dei.

Ho har og rekna ut str. på blokkene ut frå kor stort ho ville ha teppet. Ho har teikna og rekna og designa.

Eg har stått på sida og heia på ho;o) Hjelpt ho når det har vore nødvendig, då mest med utstyr og tips......


I går fekk eg lese gjennom innleveringa som skal fjølge teppet.

Det er kjekt å sjå kva tankar ho har gjort seg i samband med dette teppet. Kvifor ho har brukt bilda og motiva.

Korleis ho har løyst oppgåva og kva ho har lært, og til slutt hennar vurdering av arbeidet.

Ein del kunne ho frå før, og litt ny kunnskap har ho fått med denne oppgåva.



 

Som eg har sagt før, er det kjekt å sjå at ho vil og at ho får til det ho vil!

Og stolt, ja det er eg heile tida, kven ville ikkje vere det når ein har fått tre flotte døtrer!

Eg trur ho gledar seg til å få teppet att, slik at ho kan krype under eit sjølvlaga teppe, det er ei glede å kunne gjere det!


Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

KariL sa...

Du verden for eit praktverk. Du må helse og sei at eg er imponert over verket hennar. Nydelige fargar og koposisjon. Du har all grunn til å være stolt av henne.
Ha gode dagar både mor og dotter!

KariLklem:)

Orlaug sa...

Er igrunn ikkje overraska over at du har ei so kreativ dotter......det går nok i arv.
Flott teppe!
Og takk for tipset ang. å overføre bilde av "snørullen" på frontruta mi........hadde eg ikkje kome på.....sa eg kreativ?:)

Anonym sa...

Eit fantastisk flott teppe :)ho er kjempeflink :)

Klem Laila

Lilla dør sa...

Du må hilse til ho seia at det var eit fantastisk flott teppe. Både ho og mora har grunn til å være stolte. klem