torsdag 1. mars 2012

På min måte...


Eg har leika meg vidare med linjala mi......;o) Denne gangen vart der ei lita brikke.

Nok ein gang starta eg utan mønster, men med ein ide.

Det er framleis restar frå hjerteteppet og eg kjem nok til å bruke kvar ein bit;o) Eg har heldigvis enno litt att.....

Smale remser i fleng, kutta og sydd saman til ei dresden plate.

Applikert på ein serviett som eg har funne på brukt butikken.

Med ein middagstallerk som mal og kniven vart servietten endra frå firkant til sirkel på ein, to, tre.....;o)

Eg vart inspirert av ein fin blome på ein blogg, diverre huskar eg ikkje kvar.(Om nokon kjenner den att vil eg gjerne vite det slik at eg kan legge ut link til den)

Eg leika litt med den og la til litt her og der... Overførte, broderte og sydde den fast i midten.

Nokre pyntesting i kanten og eg er nøgd med brikka. Ein liten fargeklatt på ein grå, regntung dag;o)

Gjer dagen din god!


5 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Så fin! Mykje ein kan få til ved å sette fantasien i sving:)

ahli sa...

Nydelig.

Astrid

Anonym sa...

Flott !!!!
Klem Laila

idémakeriet sa...

Så fint detta ser ut, jag beundra dig.
Roligt att du vill vara med i min lilla give away, jag håller tummarna för dig.
Kram Gerda

Barbros lille atelier sa...

Utrolig flott! Du er såå flink!!