fredag 17. februar 2012

Testing, testing....

Eg kjøpte for ei tid tilbake ei slik linjal. Eg har prøvd den litt tidlegare, og no tenkte eg å teste den litt meir.

Til no er det blant anna denne eg putla med. Det vart ein blome, ei strålande sol eller noko slik....;o)

Det er kjekt å sitte slik og ikkje ha noko fast mønster, berre kutte, sy, prøve seg fram og sjå kva det kan verte.

Utgangspunktet var ei dresden plate, og med nokre legg vart det ein blome.

I gul-oranjse stoff ville det verte ei strålande sol! Det kan vi trenge no!!! Kanskje det blir det neste.....;o)

Denne gangen vart det restefest....Eg hadde nokre restar av hjerteteppet og dei er så fine at eg har lyst til å lage meir av dei.

Det vart nok ei mappe med gla'pynt;o)

Men no er det pakketid. Eg er heldig for eg skal få vere med eldstegullet og to venniner på Bergenstur;o)

Då er det broderi og strikk som gjeld på handarbeidsfronten.

Kanskje får eg ferdig siste mysteriesokken denne helga;o )

Med ekspressbåttur i over 3 timar kvar veg, kan eg sette meg godt til rette med handarbeid og nyte turen!

PS!
Tips til kjekke opplevingar i Bergen tek eg gjerne i mot....

Eg ser føre meg litt aleinetid. Det er vel ikkje alltid like kjekt å drasse på mora når ein er på venninnetur....;o )


Gjer dagen og helga di god!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Heldige du :) God tur og god helg ! Nyt den og kos dokke masse :)
Klem Laila

Lilla dør sa...

God tur ! Heldig du som får være med jentene på tur. Ellers håper eg ser deg i Bergen midt i mars og. :) God helg. Spennande å se og evnt. høyre om du kommer over noko flott stoff eller garn i Bergen. Klem lilladør

KariL sa...

Stilig mappe. Riktig god tur og god helg. Håper du har romlig koffert :)

KariLklem:)

ahli sa...

Så artig mappe du har laget.
Heldig er du som får være med på tur.
Du skal vel dit 16.- 18 mars også.

Astrid

flisa sa...

For en kreativ ide med den blomsten! Ble kjempefin! Enda en teknikk man må teste...Ha ei kjempeflott helg :-)

Ann Tove sa...

Flott blome. Ha ein fin tur til Bergen. Eg har alltid med meg rikeleg med handarbeid når eg reiser med ekspressbåten. Herleg å sitte å kose seg med på turen.