onsdag 21. mars 2012

Fargefest


Eg har nok ein gang leika meg med fargar, mønster, stoff og tråd;o)

Det er kjekt å kunne leike slik å få eit unikt og fargerikt plagg. Ein fargeklatt som gjev energi.

Denne gangen har eg brukt stoff som eg fann sist sommar.

Diverre vart biletet noko mørkt, då dagane har vore grå og regntunge, men fargane lyser opp!


Dei turkisestoffa  kjøpte eg da vi var på Moldejazz og det gul/grøne fann eg i Aarhus. Da eg kom heim såg eg at det passa perfekt saman, eit lykketreff;o)

Ein topp i bomull og blondestrikk og vips har eg ein fin vår/sommarkjole. Eg er klar så våren kan berre komme!

Eg klarte ikkje å vente på våren så den vart brukt i Bergen sist helg....;o)

Ein lomme er kjekk både som pynt og praktisk plass til mobilen...;o)




I Bergen fann eg desse vakre stoffa og ein mal, så eg er snart klar for (endå litt meir....;o)) handsaum. Duse fargar for ein gang skuld.

Eg har eit anna prosjekt som eigentleg er øvst på lista mi, men det spørs om eg klarar å vente........
Det er no kjekt å ha eit handarbeid til kvar anledning, slik at eg kan variere.....;o )

Har du det slik?



På bloggforumet fekk eg denne. Den er eksklusiv... Dei som tok utfordringa til NQF fekk den.

Det var kjekt å sjå damene bak diverse bloggar som eg er innom.
Det er mange inspirerande bloggar, og eg håpar at lista over bloggarane kjem på nettsida slik at vi kan stikke innom dei forskjellige bloggane.

Det var synd at tida som var sett av var kort, men håpet er at det vil verte fleire slike fora og at vi kan dra nytte av kvarandre og bloggen til NQF.

Gjer dagen din god!


8 kommentarer:

Unknown sa...

Hei igjen! Hvis du hadde den kjolen på deg i helgen, mens du gikk i butikkene, lurer jeg på om jeg ikke så deg :o) En herlig fargeklatt!

Unknown sa...

Forresten - syr du toppen til skjørtet med maskin?

Lilla dør sa...

Kjempe flott kjole! Det er så kjekt når ein bruker slike flotte farger. Lykke til med dei nye prosjekta...gler til sjå dei på bloggen. klem Lilla dør

GNIST by Gitte Bettina Lauridsen sa...

Kul kjole!! Herlige glade farger og med fin blondestrikk i toppen. Smahing!!! Lomma er også så fin :)

Sonja frå Sunnfjord sa...

Artig kjole!

KariL sa...

Stilig kjole. Dette er du utruleg god på, og ikkje minst dei små fargeklattane som gjere susen.

Den malen ser kjempespennande ut.

KariKlem:)

Edny sine puslerier sa...

Artig kjole! Jeg hadde også ønsket lengre bloggforum, men det blir det nok neste år;)

merete sa...

beundrer kjolen din, jeg også.
mor fikk en slik rosettlager og var litt i tvil om det kunne være noe, men da kunne jeg si at jeg hadde sett et glass med flotte roser og at de kom til å pynte opp masse forskjellig ;-)
god søndag