torsdag 22. mars 2012

Vårlege fargar


Denne veka har vore prega av småprosjekt. Dagane har vore oppstykka med div. møter og treningstimar så eg har landa etter den flotte helga med blogg-runder, småstrikk, alvesaum og heklerier.

Eg fann ein tråd i ein nydeleg gul farge sist helg og nokre nøster vart med heim. Gul fargen er oker eller sennepsgul og lekker!

Eit nyvaska tomt glas sto på kjøkkenbanken og kva meir treng ein for å teste ut den nye tråden, jau ein heklekrok og ei lita pause til neste avtale......;o )


Vips, så har vi litt påskepynt på plass. Ei lita lykt til te lys.

Sidan eg var så godt i gang vart det likså hekla eit lite egg med det same....

Ein egg varmar har eg og fått ferdig i ein frisk gul/grøn farge. 

Tanken er å lage nokre fleire slike i fine fargar. Det blir fin påskepynt, eller kva meiner du?

Syrleg grøn, lilla, oranje, okergul, raud og kanskje litt rosa, då blir det vår inne og om litt kjem den ute og!

Denne vakre blomen kom i hus i går, med eit nytt namn på kjøpet. Stikk du innom snopebutikken får du kanskje høyre det....;o)

Heldige meg fekk ein slik blome i gåve i dag. Den var i ein fin raud-oransje farge. Bilete kjem nok heilt sikkert ein anna dag;o )

No står den å skin på trappa og ynskjer oss velkomne. Ei trøst medan vi ventar... og ventar....  og ventar.... på solskinet og våren.....;o)

Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

Lilla dør sa...

Det så ut som du har hatt det gildt denne uka og :)))). Kjekt med slike småprosjekt inni mellom. klem Lilla dør

KariL sa...

Stemningfullt. Håper vi får nokre fine kveldar der du kan få nyte det.

Ha ei riktig god helg!

KariLklem:)