lørdag 24. mars 2012

I tenkeboksen....



Eg held på å konstruere eit mønster til ei mappe.

Den skal vere praktisk og grei til det bruket den er tenkt, men det skal vel det meste vere....

Eg har hatt nokre idear som har fått modne ei stund.






I går måtte prøve dei ut for å sjå om dei fungerte.

Det var utruleg kjekt å sy att. Det var ei veke sidan sist...... utruleg!

Med opa dør og utsikt til SOLSKIN! hadde eg ei god stund.

Plutseleg var eg i gang med to variantar av utprøvinga mi.

Den minste er ferdig og eg har kome til at eg må justere den ein del. Det er ikkje det verste for det gjev meir tid ved symaskina......;o )







Det er enklare å sjå kva som evt. må justerast når det er sydd, då kan eg rydde plass til justeringane i tankane.

Det er jo litt fullt i toppetasjen til tider,  og det kan vere greitt å tømme litt etterkvart.... rydde plass til nytenking....

Eg har brukt litt av stoffa eg kjøpte i Bergen, ja eg sa jo at det kom til å komme meir......;o)




Og så må eg berre vise fram den fine rosa som eg har hekla i det fine gule garnet mitt.

Den er ypparleg til pynt på det meste.
Eg har, som vanleg...., fått idear til mange variantar av denne.

Den er lekker, eller kva synes du?


Til og med på den nye mappa passar den fint.
Den er tenkt til den den mappa som ligg halvferdig ved symaskina. Men det er fort gjort å lage fleire;o )

Eg fann den i siste nr av Mollie Makes

I dag har eldstegullet og eg vore på skulen for å sy kostyme.

Det har gått i fleese og blått i blått. Vi kom langt, litt lenger enn det som var tenkt, trur eg.... Det er kjekt med dugnad!
Har ein tid og moglelegheit til å gjere det berre kjekt å kunne hjelpe til;o)


Gjer dagen din god!


7 kommentarer:

Bente sa...

Så flott mappe du har laga.
Fine stoff, i friske fargar.

Edny sine puslerier sa...

Kjempefine mapper! Det er veldig greitt å lage eigne modellar;) Rosa var også veldig fin;)
Tusen takk for koseleg kommentar og godt tips på bloggen min, og velkommen som følgjar;)

STEINKJERRINGA sa...

Kjempefin mappe, man får aldri mange nok! Likte godt stoffene du valgte. Ha en super søndag!

Margit sa...

Så fine mapper :O)

Merete sa...

Så fine stoff du har brukt!

Lilla dør sa...

Mappa vart knall fin. Likt godt stoffet du brukte .....kanskje typisk Solveig stoff. Rosa du hadde hekla var og nydelig. Klem

Svalen sa...

Smarte og flotte mapper som kan brukes til "det meste".