mandag 26. mars 2012

Våryr



Huskar du dette strikket;o)

Eg har no gjort det ferdig. Nok ein gang har eg boltra med i fargar.....

Mønsteret til overdelen har eg henta frå boka Strikk en stund av Annette Danielsen.


Ein frisk og fin grønfarge i botnen. Mønsteret går frå raud, raud-oransje til oransje. Det har blitt til ein lun overdel i dobbel forstand.... ;o)

Den er i alpakka så den kan brukast heile året.


Eit turkis stoff med blomar på i skjørtet. Kontrastar som går godt saman....

Skjørtet er i babyfløyel, eit mjukt og godt materiale til kjolar. Den er mjuk og behageleg å ha på.



Den raude-oransje fargen kjem att i lommen;o) Ein liten fargeklatt i alle fargane....;o)

Den minner meg om vår, kvifor?

Jau den friske grøne mot raud, oransje og turkis minner om friske fargar om våren.

Eg lengtar mot vår, sol og blomar. Kaffikos i solveggen.... Det er ei god tid vi har no, lyst og godt.



Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

KariL sa...

Den var vårfrisk og fin. Godt med fargar som gjev energi. Akkurat det vi treng no. Vinteren har vore mørk og lang nok, eg gle meg over alle fine vårdagar vi har hatt og tek gjerne imot fleire.

Ha ein fin dag!

KariLklem:)

Anonym sa...

Eg vert våryr eg óg, når eg ser kjolen din! Den er berre rålekker :) Har funne fram ein sommarkjole som eg skal prøve å re-designe. Vi får no sjå kor det går ;)

Sjåast på onsdag (håper eg)! Klem!

Lilla dør sa...

Fargerik og flott. Du er kjempe goe på desse kjolane. Kjekt med fargerik vår...... klem lilla dør