mandag 16. april 2012

Alv i november

Eg er ferdig med broderiet for november. Denne gangen var det lite arbeid og fort gjort om eg skal samanlikne den med sist månad.

Her er det advent med stake og lilla fargar. Lette snøfnugg er og kome med.
Det var ikkje enkelt å ta bilete av det i dag. Den skarpe vårsola lagar ekstra semning i biletet.....;o)

Neste broderi er desember og "god jul". Det ligg klart, men det kan hende eg ventar litt med det. Eg er liksom i vårstemning no og ikkje julestemning......







Uansett er denne tida med go'stolen i sola og uteliv godt eigna til handsaum og broderi;o)

....og så får vi sjå uendeleg mykje meir av desse gledene. Blomar i fleng, i vakre fargar.

Det er godt å tenke på!

Gjer dagen din god!


4 kommentarer:

Gudrun sa...

Vackra broderier du gör.
Trevlig vecka önskar jag dig också.

Kram Gudrun

Lilla dør sa...

Er imponert kor du blir ferdig med broderia etterkvart.....det blir eit kjempe teppe :) ha fin veke videre . Klem

KariL sa...

Nydelig stichery. Tenkjer du finn fram julesteming nok til å begynne på desember :) men det kan jo være krevande på sjølvaste våren.
Fine blomar så tidleg på året. Kordan får du det til?

KariLklem:)

Svalen sa...

Så fint du syr, vakkert broderi!
Herlig vær vi har nå, må det bare vare...