torsdag 26. april 2012

Kurskos II...;o)


Fredag var det handsaum på amerikansk vis.  Det var rett og slett eit kurs i "korleis halde nåla"!

"Å lære av seg" er noko med det vanskelegaste ein gjer! Å lære nytt er enkelt i forhold;o) No går det som ein leik og tempo er på veg opp.

Wenche nemnde at det skal gå like raskt, om ikkje raskare enn maskinsaum.



Eg trur på det og gleder meg til kjekke stunder ute og inne med handsaum i sommar.

Det er enkelt å greitt å ha med seg rundt om kring. Kutte bitane og legge dei og utstyret i klart, gjerne i ei mappe og vi er klar til sy-stund, var det måtte vere!;o)





Eg er godt i gang og har kutta bitar til 4 rundar til. Vi fleipa om doble sengeteppe på kurset, men eg trur det er "mon i mindre".....

Og til slutt eit stemningsbilete frå i går kveld. No kan eg igjen nyte desse vakre fargane! Det er balsam for sjela!

Gjer dagen din god!


3 kommentarer:

Anonym sa...

Det var ei skikkeleg flott kurshelg og handsaum er utruleg koseleg , er ferdig med omgang to og må til å kutte fleire bitar så får ein sjå kor stort det vert. :)
De har ei fantastisk utsikt.

Åshild

KariL sa...

Handsaumen skal bli kjekt å sette seg ned med. Eg har ikkje gjordt noko meire, men skal ta det fram om litt :)

Ha gode dagar!

Karilklem:)

Ann Tove sa...

Spennande å sjå kor stort dette blir. Sjølv skulle eg sikkert lært å halde nåla rett, då hadde eg kanskje synest at handsaum var kjekt..