lørdag 28. april 2012

Vel, kva sa eg....


Det gjekk slik eg trudde, eg har fått ein ny "dille" Handsaum. Eg har sydd 3,5 rundar på kursmodellen, men så var det noko anna eg berre måtte prøve......

Eg har kutta nokre sekskantar tidlegare, med tanke på dette kurset. Heldigvis var str. lik malen eg no har kjøpt, så det var enkelt å kutte fleire.   


Her er bitane samla i ein liten boks så bitane ikkje «fer ille».

Nåleputa til å ha på tommelen er fin å ha no. Eg har to knappenåler som markerer start og stopp av saumen, medan eg syr er det greitt å nåleputa lett tilgjengeleg....

Dei to prosjekta passar ypparleg i den nye englemappa..... Her er det plass til to prosjekt, eit i kvar lomme og elles nødvendige saker i den tredje lommen...... Perfekt!

Etter litt handsaum i går kveld har eg fått to rundar på det nye prosjektet. Eg har ein plan......



 

Her plukkar eg tilfeldig stoffbitar, i motsetning til det første prosjektet.

Eit kjekt handarbeid, og på plass i mappa er det og enkelt å plukke fram og med seg;o) Nett slik eg likar det!

Helga er i gang med gråvêr, eller godt sy-vêr.... Ein tur ut i regnklede trur eg og eg vil finne plass til, elles har dagen få planar.


Gjer dagen din god!


4 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Det ser flott ut så langt! Ser kjekt ut, men det er vel ein del putling med arbeidet, vil eg tru:)
Ha ei fin helg!

LeKaQuilt sa...

Håndsøm er kjempe kos, hadde ikke klart meg uten :o)
Det er ett flott prosjekt du har startet opp med.
Ha fortsatt en fin lørdagskveld!
Klem

KariL sa...

Er litt hekta på dette eg òg. Nydelige farger du har valgt til dette prosjektet. Gle med til å sjå resten :))

KariLklem:)

KariL sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.