mandag 30. april 2012

Aprilblomar


Det har eg kalla denne duken.

Det er fordi eg har sydd den i april, den har fine blomar på og er gitt i gåve til "systa", som har bursdag i april.

Då er jo namnet opplagt....;o)

Eg har sydd den før, for eit år sidan, den er og gitt vekk i gåve.
Kanskje syr eg fleire, for den er veldig kjekk å sy.

Den er sett saman av mange firkantar sydd i nier blokker og rekker på tre og tre bitar.

Så har eg strødd nokre fine blomar ut over duken.

Denne er sydd i lyse stoff og så har eg brukt av dei fine stoffa som var til overs frå hjerteteppet mitt.

Dei er så fine at eg berre må lage noko av dei;o)
Dei kan ikkje ligge i skuffa, dei er for fine til det!

Lys crème, raud og turkis er og blir ein favoritt!
Kva er din favoritt?

 Gjer dagen din god!

7 kommentarer:

Unknown sa...

Koselig duk i fine farver og med flotte blomster.

bodilshobby.blogg.no sa...

Kjempefin duk som kan brukes både i april og alle andre måneder :-)

Lilla dør sa...

Kjempe fine. Klem frå London

PJs Lapperier sa...

Fräcka och tuffa blommor!

Ann Tove sa...

Nydeleg duk. Likte blomstene godt.

Tidsfordriv sa...

Koselig flott sommerlig duk du har sydd.

Lappedamen sa...

Skjønn aprilduk.