søndag 8. april 2012

Snøkrystall i påskesol


Det er vêret, kort opp summert, for påska 2012....

... og eg har fått ferdig nokre fleire snøkrystall.

Desse er kjekke å ha med på tur og ta fram i ledige stunder.

Nokre sting no og då, det er kos;o)


Eg er kome over halvvegs.

Alle er dekorert på forskjellig vis.

Det er dette og strikkety eg har putla med i påskehelga.


Dei små sekskantane, sidene er 1/2 inc...., blir fine blomar, eller snøkrystall.

Eg har fått sansen for handsaum.

Det er derfor eg snopa med meg fine stoff og mal frå NQF-helga;o)

Vi har vore på tur både hit og dit og vore saman med familien.

Då må vi ha kaffimat, då er ikkje eldstegullet vanskeleg å be..... Her er kaka vi kunne kose oss med, heldigvis var vi ikkje aleine.....

Mine foreldre, 4 søsken og våre barn, ein stor flott familie på 26 stykk til saman med stort og smått.

Det er grådig kjekt dei gangane vi er samla.

At barna våre er nesten like gamle frå 18 til 5 år og dei har det og kjekt saman, gjer det endå kjekkare. Familiekos er viktig og gjev godt påfyll.

Her er restane av dekorasjonen fine påskeegg. Fine som pynt og gode på smak.....


Eg har og lyst å vise fram nokre fine påskeblomar, som eg har fått i hus.

Denne påskelilja har eg plukka inn frå hagen. Eg synes den er så fin og saman med nokre bjørkekvistar er det fin påskepynt.

Desse er og vakre og sarte. Nydelege i fargane.

Dei er vakre kvar på sin måte desse vårblomane våre.

Eg må ta bilete av dei, då varer dei lenger..... Kanskje kan dei vere inspirasjon til noko ein gang.


Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Gudrun sa...

Dina kristaller är så fina.Mums på bordet!:-))
Ha en fin påskdag.
Kram Gudrun

Sonja frå Sunnfjord sa...

Blir så fine krystallar!Koseleg småputl:)

KariL sa...

Nydelige snøkrystaller! Den kaka såg farleg god ut. Nammmm....

Ha ei fortsatt god påskeferie!

KariLklem:)

Ann Tove sa...

Nydelege snøkrystaller du har laga. Sjølv er eg ikkje glad i handsaum, men av og til må det berre gjerast likavel. Kos deg vidare i påska med den lekre kaka :-)