søndag 13. mai 2012

Fargekick

Jepp! ein skikkeleg fargefest på ein grå mai søndag....;o)

Det er lite som minner om vår, sol og varme i dag. Men det går det kanskje å gjere noko med....

Eit kjekt handarbeid, god musikk, for øyeblikket denne som eg stadig kjem tilbake til;o)

Den er balsam for sjela og humøret, tru det eller ei!;o)

Eg vart nett ferdig med handsaumen på denne fargefesten.
Det er ei salig blanding av gamal og ny tekstil.
Gode fargar og vakre mønster og ei lett blanding av små- og stormønstrete stoff.

Eg har altså gjort alt ein ikkje skal gjere...... Ja, ja eg måtte berre prøve det og;o)

Slik vart min versjon av AnnaKa sitt "Annas lille veggteppe". Eg er tykkjer eg er forplikta til å lage det, men om ho vil ha det er ei anna sak.....;o ) Det vil vise seg.

Min versjon er motstykket til "orginalen" den er sart i fargane medan min nok ikkje kjem i den kategorien...;o)

Kjekt var det å boltre seg i fargar og å kunne sy både blokker på maskin, broderi og handsaum. Handsaumen vart og med eigen vri, eg valde dropeform på pynten på broderia.

No skal det få kvile til eg får att grom-maskina slik at eg kan quilte det.

Håpar du har ein god søndag med din eigen fargefest! Enten den er fargerik eller sart i fargevalet.


Gjer dagen din god!


5 kommentarer:

Ann Tove sa...

Herligt fargerikt og flott. Fargar til å bli glad av. Trengs fargerike handarbeid no når det bles og regnar som verst. Eg måtte òg finne meg garn med kvikke fargar i dag.Ha ein fin søndag vidare.

Gudrun sa...

Superläcker!!
Visst är det härligt att sätta sin egen prägel på att arbete.Fortsatt trevligt arbete.

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kjempefint! Treng litt fargar i dag, ja:)
Tok fram tråd i ymse fargar og begynte på eit lite hekleri i dag, eg.
God søndag!

Lilla dør sa...

Fargerikt og flott som vanleg. Me treng farger. Det var ikkje lenge du trong sy dette:) Klem

Unknown sa...

Uten tvil det gladeste og mest fargerike Anna's veggteppe jeg har sett :o) Flott!