fredag 18. mai 2012

Berre lekkert!



Vel overstått 17. Mai!

Ein flott dag med litt sol, og OPPHALDSVEIR er vel overstått. Flotte, glade ungar i tog, denne gangen vart det 3 gangar i løpet av dagen, samt program både i bår bydel og felles for heile byen.

Dagen vår vart avslutta i med ein kjekk spleisekvelds. Vi er ein gjeng som møtes slik kvar 17. mai. Ein av familiane held hus og dei andre mat. Det er ei god avslutning på ein kjekk festdag.

I år var vi samla her hos oss,omtrent 30 stk. med stort og smått. Og alle kosa seg med god mat, gode venner og lystig prat.






Eldstegullet diska opp med desse lekre munnfullane. Dei smakar nydeleg av bringebær.

Det er lekkert med eit fat fullt av muffins med frosting i lekker roseform, som smaker vedunderleg av bringebær.

Alt i alt ein dag med mange kjekke tradisjonar som vi gleder oss til kvart år. Alt det travle i dagane før er fort gløymt når dagen og barnetoget er i gang.....;o)


Eg synes at handsaumen min passar saman med dei andre bileta.... i same fargeskala som muffinsen....;o)

Den er ferdig sydd og handquilta og kutta til eit kvadrat. Eg skal lage eit bakstykke som passar.

Eg trur ikkje eg klarer å vente til eg får att grom-maskina, så eg tenkjer eg prøver meg med den eg har..... om litt..... trur eg... viss ikkje eg skal hekle, brodre eller noko anna som freistar....;o )

Gjer dagen din god!


3 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Kjipt å gå slik og vente..... Håper det ordner seg til slutt. Nydelige muffins og ja, sekskantene dine passet perfekt inn sammen med de andre bildene. Sekskantene ser ut for å være ett flott prosjekt. Har jeg sett det før ????
Ha en riktig fin helg.
Klem Lena

Edny sine puslerier sa...

Så lur måte å lage treff på;) Da blir det ikke så mye arbeid på noen. Lekre muffins, og lappene passet godt til, ja;)

Merete sa...

Maskinen din kom inn rett dør tilslutt, og står og venter på tur :o) Uten at jeg var 100 % sikker, så hadde jeg en sterk følelse av at det var deg jeg snakket med i telefonen - rart med det :o) Kjekt med litt håndsøm og, er det ikke?
Klem