onsdag 9. mai 2012

...Og no blir det handsaum, ja....


.... eller saum på mi gamle Husqvarna;o(

Det er ikkje det same å sy på den når eg er så godt van med mi kjære Pfaff.....

Eg var godt i gang med frihandsquilting på fana då det plutseleg var stopp!
Plutseleg var det ikkje mogeleg å sy meir. Nåla møtte metall og spolehuset er ute av stille!

Huff og huff, tusen tankar raser gjennom hovudet, kva skjedde no?  Og alt det eg skulle ha sydd, nett no....  kva gjer eg no... og nei det kan ikkje vere sant!

Men etter å ha sett på maskina, prøvd å senke nåla nokre gangar, akkurat som om det hjelper! kan eg konstatere at det er nok sant;o(

Eg må klage mi nød til min kjære, og ein sms til Laila for å få endå meir trøyst....

Deretter tuslar eg inn på rommet til eldstegullet og spør pent om eg kan få låne mi gamle maskin. "Eg tenkte meg det, eg har høyrd kva som har skjedd!" var svaret....                                                            

Og dermed er eg i gang att, famlande og ikkje heilt nøgd.... Det er ikkje det same, og eg huskar ikkje korleis dette var og kvar er instruksjonsboka….

Men eg har snakka med Mona, og Pfaff'en min kan reparerast og få seg ein etterlengta service, berre eg får den inn til Bergen. Det må eg berre få til, eg finn nok ei løysing. Eg er jo hjelpelaus utan symaskina mi. Vengeklipt eller noko slikt......

Godt er det då at eg nett har lært meg handsaum og har fått dilla på det.;o) Broderi har eg, strikkepinnar, heklekrok og tråd, men eg skulle så gjerne sydd litt. Og det er ikkje det same på gamle maskina, men no hugsar eg kvifor eg bytte maskin og kor godt eg har det med den...;o )

Blidene som er til oppmuntring og glede, er handsaum/broderi som eg har putla medi det siste.
Det blir nok meir av det no for tida.....

......og ein vakker blome som eg berre måtte forevige slik at den kan gje glede lenger og fleire gangar....

Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

KariL sa...

Eg føler verkeleg med deg. Utan Pfaffen er ikkje livet det same. Får håpe det ordner seg snart.
Fana i forrige innlegg ser flott ut. Blir nok flott å ta i bruk 17-mai. Lykke til med handsaum og strikke/hekle-pinnane.

KariLklem:)

Edny sine puslerier sa...

Kriiise når symaskina streiker, uansett grunn. Føler med deg, og håper det ordnar seg snart!